Informasjon

Magne Ingar Teppen

  • 11.10.1945 - 15.05.2020

Til minne om Magne

Magne vart fødd på Tannåneset i Østre Trysil 11.oktober 1945 som nummer fire i en syskjenflokk på seks. I heimen fekk han med seg gode verdi som ansvar, medkjensle, rettferdssans, kjærleik til naturen.og songglede. Som vaksen brukte han dette mellom anna i fråhaldsarbeid, miljøvern, nytting og ikkje utnytting av naturen, og støtte til arbeid for flyktningar og born i fattige familiar i Norge og ute i verda. I staden for blomar ville han at to av organisajonane han var med i skulle få ei minnegåve, Marys Venner gir hjelp til fattige born på Sri Lanka, i Thailand og i Bangladore i India https://www.marysvenner.no/ Rusfri Oppvekst arbeider for betre oppvekst spesielt for born i familiar med psykososiale utfordringar https://www.rusfrioppvekst.no/ Magne var ein mann som gav av seg sjølv og ikkje var redd for å ta eit tak. I familien var han ein god bror, onkel og gammalonkel. Og for Tone vart han den beste livspartnar nokon kunne få. Dei som fekk gleda av å bli kjend med Magne, har mista ein framifrå make. bror, svoger, onkel og ven. Men alle sit att med mange gode minne.

Bilder


Hvis du har noe du ønsker å dele med andre på denne minnesiden, eller om du av andre anledninger ønsker å komme i kontakt med den som er ansvarlig for denne minnesiden, kontakter du: